COOP MARKED OLDEN søkjer tilkallingshjelp og ferievikar for sommarsesongen 2024 - Stryn Municipality, Norge - Coop

    Coop
    Coop Stryn Municipality, Norge

    1 uke siden

    Coop background
    Deltid
    Beskrivelse

    Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. Som tilkallingshjelp har du høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller i høgsesongar og under ferieavvikling. I sommarsesongen vil arbeidsturnusen være både på dagtid/ kveld, laurdagar og søndagar.

    Arbeidsoppgåvene dine blir:

    • Kundehandsaming

    • Varemottak / Vareplassering

    • Kasse

    • Førefallande reinhald og rydding

    Våre forventningar:
    Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg. I tillegg er det ein fordel at du kan snakka engelsk, då Olden er ein turiststad med vekentleg besøk frå cruiseskip i sommarhalvåret. Du må ha fylt 18 år.

    Vi kan tilby
    Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

    Interessert?
    Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Kjell Nedrebø på tlf. 28

    Søknad og CV registrerast på:

    Søknadsfrist: Snarast

    Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.