Denne jobben godtar ikke flere søknader
Ambulansearbeidar/ Paramedisinar - Larsnes - Helse Midt-Norge RHF
Beskrivelse
Ambulansearbeidar/ Paramedisinar Ambulanseseksjon Sande-Vanylven, Helse Møre og Romsdal HFSøk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Ambulanseseksjon Sande-Vanylven har ledig ei fast 50% stilling for paramedisinar/ambulansearbeidar, med oppstart
Stasjonane har til saman to døgnbilar og ein ambulansebåt, og utfører om lag 600–700 oppdrag per bil kvart år. Arbeidskvardagen hos oss er variert og spennande med eit høgt fagleg engasjement og stadig nye utfordringar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi saman legg vekt på tryggleik, respekt og kvalitet til det beste for pasientane våre.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer all prehospital verksemd i fylket – dette omfattar bil-, båt- og luftambulanse, AMK/113 og pasientreiser. Ved eventuell intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbydd. Det må òg påreknast noko arbeid ved andre stasjonar i området.
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å få deg med på laget
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Larsnes
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Deltid
Tilsetjingsform
Fast
Stillingsprosent
50
Webcruiter-ID
Startdato
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeda etter oppdrag frå AMK
Samarbeide i team og med samarbeidsetatar
Delta på undervisning og sertifiseringar
Vedlikehalde faglege delegeringar som ligg til stillinga
Utføre interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
Utøve arbeidet i tråd med lover, forskrifter, prosedyrar og internt reglement som er gjeldande for helseføretaket
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
Ha førarkort klasse C1
Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell
20a
Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering
Personlege eigenskapar
Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Adresse: Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Ida Christin Eriksen
Seksjonsleiar
E-post: Ida.Christin.-
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Show more Show less