Denne jobben godtar ikke flere søknader

    Bedriftssjukepleiar - Ålesund, Møre og Romsdal - Central Norway Regional Health Authority

    Central Norway Regional Health Authority
    Central Norway Regional Health Authority Ålesund, Møre og Romsdal

    2 måneder siden

    Beskrivelse

    Bedriftssjukepleiar Bedriftshelsetenesta, Helse Møre og Romsdal HF

    Søk på stillinga (i ny fane)

    Om stillinga

    Bli med oss på laget for å skape gode og helsefremmande arbeidsplasser i Helse Møre og Romsdal HF

    Bedriftshelsetenesta (BHT) i Helse Møre og Romsdal HF er ein felles seksjon i foretaket med kontor i Molde og Ålesund, og betener tilsette i heile foretaket. I seksjonen er det tilsett sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, rådgjevar for organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø, yrkeshygienikar og lege. BHT har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø organisert i faggrupper, og vi tilbyr varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

    Vi har ledig to midlertidig stillingar som bedriftssjukepleiar i bedriftshelsetenesta. Opplys i søknaden kva for stilling du søker på.

    • 100% stilling med primært arbeidsstad Ålesund i perioden frå til
    • 80% stilling med primært arbeidsstad SNR Hjelset i perioden til

    I tillegg må det påreknast ein del reiseverksemd mellom sjukehusa og dei øvrige institusjonane. BHT har godkjenning frå Arbeidstilsynet, og er organisert under HR-direktør.

    Oppstartsdato kan avtalast, men ønskjer snarleg oppstart for opplæring. Det kan verte høve til forlenging.

    Nøkkelinformasjon

    Søknadsfrist

    Arbeidsgivar
    Helse Møre og Romsdal HF

    Stad
    Ålesund, Hjelset

    Stillingstittel
    Bedriftssjukepleier

    Stillingar
    2

    Heiltid / Deltid
    Deltid, Heiltid

    Tilsetjingsform
    Vikariat

    Stillingsprosent
    80, 100

    Webcruiter-ID

    Startdato

    Sosial Deling
    Del på X

    Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

    Arbeidsoppgåver

    • Å bidra inn i systematisk HMS-arbeidet i føretaket
    • Ha oppdrag tilpassa eigen fagkompetanse
    • Gjennomføre yrkesrelatert vaksinasjon og influensavaksinasjon

    Kvalifikasjonar

    • Utdanna autorisert sjukepleiar
    • Erfaring/interesse innanfor førebyggjande og helsefremjande arbeid
    • Ønskjeleg med erfaring frå BHT-arbeid og HMS-arbeid
    • Erfaring/interesse for rettleiing og undervisning

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevner
    • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt, men kan samstundes fungere godt i team
    • Fleksibel i forhold til handsaming av ulike oppgåvar og personar

    Vi tilbyr

    • Sterkt tverrfagleg samarbeid
    • Ein inkluderande arbeidsplass
    • Løn etter gjeldande overeinskomstar
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

    Opne vegbeskriving (i ny fane)
    Aimo Park | SNR Hjelset

    Opdølvegen 4

    6450 Hjelset

    Norge

    Opne vegbeskriving

    Kontaktinformasjon

    Magny Landre
    Seksjonsleiar

    Telefon:

    E-post:

    Om arbeidsgivaren

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå
    Helse Møre og Romsdal


Jobber
>
Ålesund