COOP MARKED FISKÅ søker tilkallingshjelp/ ferievikar - Vanylven Municipality, Norge - Coop

    Coop
    Coop Vanylven Municipality, Norge

    1 uke siden

    Coop background
    Deltid
    Beskrivelse

    Vi har ledig stilling som tilkallingshjelp/ ferievikar og søkjer etter ein medarbeidar som kan stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, når vi har ekstra behov i høgsesongar, og som ferievikar i sommarsesongen under ferieavviklinga. Arbeidstidene er på dagtid, kveld og laurdagar. På sikt kan det bli mulighet for deltidsstilling i fast turnus. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.

    Arbeidsoppgåver

  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Post/tipping
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding
  • Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

    Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

    Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Maria Nordal på telefon eller epost:

    Søknad og CV registrerast digitalt.

    Søknadsfrist: 30.04.

    Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.